Wikibøker:Spørsmål og svar

Fra Wikibøker – frie læremidler
Hopp til navigering Hopp til søk

Spørsmål og svar (òg kalla «FAQ» eller «OSS») om Wikibøker. Still gjerne fleire spørsmål på diskusjonssida til artikkelen.


Deltaking[rediger]

Kan eg vere med?[rediger]

Ja, alle er hjarteleg velkomne til å vera med. Sjå «Velkommen til Wikibøker!» for hjelp til å kome i gong.

Må eg registrere meg?[rediger]

Du kan registrere deg, eller du kan redigere sider anonymt. Om ein registrerar seg får ein tilgjenge til fleire funksjonar, som opplasting av bilete. Registreringa er gratis, anonym og tek berre nokre sekund.

Korleis kan eg snakke med andre brukarar?[rediger]

Dersom du vil ha tak i ein enkelt brukar, gå til brukardiskusjonen deira og legg igjen ei melding. Neste gong dei logger seg på Wikibøker, vil dei kunne sjå at dei har fått ei ny melding. Er det ein enkelt artikkel det gjeld, kan du òg leggja inn ei melding på diskusjonssida til artikkelen. Sjå elles Wikibooks:Samfunnshuset.
Du kan signere innlegga dine automatisk med ~~~~, som gjer at brukarnamn med lenkje og tidspunkt blir viste. Sjå Korleis nytte diskusjonssidene.

Kan eg leggje til ei ny side utan å gjere den heilt ferdig med ein gong?[rediger]

Ja det kan du. Begynn på sida og legg til «UU»-malen ved å setje inn {{UU}} øvst i artikkelen. Dette gjer at det vert vist ein boks som forklarar at artikkelen er under utvikling, og at innhaldet ikkje kan ansjåast som korrekt i forhold til innhaldet i seg sjølv og stilmanualen.

Artiklar[rediger]

Korleis kan eg lage nye artiklar?[rediger]

Om du vil opprette ei ny side, kan du skrive namnet inn i feltet for søk i (til venstre på sida). Deretter trykkjer du på «Førehandsvis». Når du lagrar teksten vert sida oppretta. Meir på Korleis byrje ei ny side.

Bilete[rediger]

Korleis kan eg setje inn bilete?[rediger]

For å setje inn eit bilete som allereie ligg inne på Norsk Wikibøker eller på Wikimedia Commons, skriv [[Bilde:filnamn.filetternamn]]. Du kan endre utsjånaden og storleiken til biletet på ulike måtar, sjå Korleis vise bilete.
For å laste opp bilete og andre filer, sjå Wikibooks:Korleis laste opp filer.

Slette artiklar[rediger]

Kva artiklar blir sletta?[rediger]

Artiklar som ikkje høyrer til i ei boksamling, som reklame, oppdikta informasjon, eller rett og slett tull. Ofte er det mogleg å skrive sida om slik at han vert sakleg og informerande, og då er det ikkje naudsynt å slette ho. Tomme kategoriar og artiklar høyrer òg som regel til i papirbøtta.

Korleis kan ein slette artiklar?[rediger]

Gå til Wikibooks:Sletting og list artikkelen der med grunnen til at han bør slettast.