Wikilæreboken i samfunnsfag/Samfunnskunnskap for elever frem til 10.årstrinn

Fra Wikibøker – frie læremidler


Hovudområdet dreier seg om undersøking og drøfting av korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida. Å utvikle historisk oversyn og innsikt og å øve opp ferdigheiter for kvardagsliv og deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.

Mål for opplæringen er at eleven etter 10.årstrinn skal kunne

  • 10.1 - planleggje, gjennomføre og presentere problemorienterte samfunnsfaglege undersøkingar og vurdere arbeidsprosessen og resultata
  • 10.2 - finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla
  • 10.3 - leggje ein plan for å starte og drive ei bedrift ut frå ei undersøking av grunnlaget for ei slik bedrift
  • 10.4 - analysere utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektere over haldningar til rusmiddel
  • 10.5 - drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer
  • 10.6 - beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg og gjere greie for rettane til forbrukarane
  • 10.7 - forklare kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  • 10.8 - utforske kva som krevst for at samfunn skal kunne halde fram å eksistere og samanlikne to eller fleire samfunn
  • 10.9 - gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og samanlikne dei med institusjonar i andre land
  • 10.10 - gje døme på og drøfte demokrati som styreform, gjere greie for politisk innverknad og maktfordeling i Noreg og bruke digitale kanalar for utøving av demokrati
  • 10.11 - diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet, og forklare korleis rettsstaten fungerer ut frå korleis eit aktuelt lovbrot er behandla
  • 10.12 - forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar
  • 10.13 - beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis vår økonomi heng saman med den globale økonomien
  • 10.14 - gjere greie for grunnleggjande menneskerettar og drøfte verdien av at dei blir respekterte

Her forsøker vi å systematisere og samle det mangfold av ressurser man kan finne på internett for elever frem til 10.årstrinn: