Kokebok:Krumkaker

Fra Wikibøker – frie læremidler
Krumkaker
Foto: Jonathunder

Krumkaker er eit tradisjonelt norsk bakverk av tynne, sprø kakeflak med bøygd form som ei skål eller kjegle. Kakene kan serverast som kaffimat og som julebakst. Dei kan serverast med molter eller moltekrem eller med iskrem.

Utstyr[rediger]

Krumkakejern og ein kjegleforma pinne eller ei skål.

Ingrediensar[rediger]

  • 4 egg
  • 175 g sukker
  • 200 g meierismør (romtemperert)
  • 250 g kveitemjøl
  • 45-60 ml kaldt vatn (3-4 ss)
  • 1 ts kardemomme (ca. 2 g)

Framgangsmåte[rediger]

  1. Smør og sukker skal røyrast lyst.
  2. Bland kardemomme i kveitemjølet.
  3. Røyr inn eit og eit egg i smørblandinga skiftevis med kveitemjølet.
  4. Vatnet tar ein i til slutt.

Legg ei skei med kakerøre i krumkakejernet og klem det saman. Steik kakene lysgule på kvar si side. Krum dei rundt pinnen eller ned skåla når kakene framleis er varme og mjuke.

Eksterne lenker[rediger]

Wikipedia Krumkake – artikkel på Wikipedia på nynorsk
Wikipedia Krumkake – artikkel på Wikipedia på bokmål
Kokebok

Stilmanual • Innholdsregister • Råvarer • Matlagingsmål • Bakst • Desserter • Drikke • Fiskeretter • Fjærkre • Glutenfri • Godteri • Grunnoppskrifter • Grønnsaker • Grøt • Jul • Kjøttretter • Melkemat • Pannekaker • Pasta • Pizza • Sauser • Småretter • Smørbrød • Sopp • Supper • Tilbehør •