Eldre verdshistorie/Kapittel 3

Fra Wikibøker – frie læremidler

ANTIKKEN

Hellas[rediger]

Landet vi i dag kjenner som Hellas er eit klårt avgrensa område som ligg på tuppen av den mest ustabile delen av Europa gjennom det 20. århundre; Balkan-halvøya. I dag er Hellas medlem i EU, ein union som har maktsenter (og nokre vil seie kultursenter) i den nordvestre delen av kontinentet, men i fleire hundreår rundt år 0 var gresk og hellenistisk kultur den dominerande i det «siviliserte» Europa. Gresk kultur breidde seg frå grensene til persarriket i aust, rundt Svartehavet og Mellomhavet og inn på den italienske halvøya, der ein liten bystat på nokre få tusen innbyggjarar skulle utvikle seg til å verte republikken Roma rundt 500 f.vt. Der byrjar den historiske epoka vi i dag omtalar som Antikken, og den varer om lag fram til Vest-romarriket bryt saman i 476 e.vt.

Heilt enkelt seier ein at antikken er perioden mellom 500 f.vt og 500 e.vt.

Før polisstatane[rediger]

Den mykenske høgkulturen[rediger]

Mykene

Epoka mellom 1600 og 1100 f.vt. i gresk historie er oppkalla etter utgravingsstaden Mykene, der arkeologar første gong fann restar etter høgkulturane. Arkeologane går ut frå at byen vart grunnlagd av greske folkegrupper, men trur ikkje at namnet, Mykene, opprinneleg er gresk og reknar det som ei arv grekarane tok frå den tidlegare folkesetnaden i området. Byen vart truleg tufta so tidleg som 1500 f.vt.

Mykene var ein imponerande by, og byggverka (på biletet ovanfor ser du Løveporten) viser at området har vore tilhaldsstad for ein særs utvikla palasskultur. Byggestilen til festningsverket som vart bygd i sentrum av byen ein gong på 1300-talet fvt. vart faktisk kalla kyklopisk av dei greske etterkommarane, av di dei meinte at berre kyklopar kunne bygge slike festningsverk.

Minnet om mykensk stordomstid overlevde gjennom dei mørke hundreåra i gresk historie, og ei romantisk framstilling av den mykenske perioden dannar grunnlaget for kjende greske episke dikt som Homer, Illiaden og Oddyseen.


Vi reknar med at greske folkegrupper innvandra til Hellas-området kring 1600 f.vt. Grekarane sitt inntog markerte ei ny epoke i området, sidan dei utvikla ein imponerande bronsealder-sivilisasjon der, som ikkje gjekk under før i 1200–1100 fvt. Denne kulturen kan samanliknast med høgkulturane i Mesopotamia og Egypt, men vi veit lite sikkert om han sidan skriftspråket endå ikkje er tyda.

Det vi veit er at det var ein høgt utvikla kultur, med eit eige skriftspråk og (trass namnet vi har gjeve han) langt større utbreiing enn berre byen Mykene. Vi veit òg at kongar og andre former for nobilitetar vart gravlagde i store sirkulære gravkammer, tholoar, saman med gullmasker, sølv og t.d. dolkar eller andre formar for militært utstyr, noko som tyder på at militære eigenskaper var viktige. Det er òg funne døme på mumifisering av døde.

På eit tidspunkt rundt 1100 fvt. kollapsa den mykenske kulturen, og grekarane gjekk inn i den perioden som historikarane kallar dei mørke hundreåra i gresk historie. Årsaka til at dei vert kalla dei mørke hundreåra er at det ikkje finst nokon skriftkjelder frå perioden og at ein har færre arkeologiske funn frå perioden. Det einaste vi veit heilt sikkert er at folkesetnaden brått gjekk kraftig nedover.

Tidlegare har den rådande teorien vore at den mykenske kulturen gjekk under grunna ein invasjon av eit nytt gresk folkeslag, dorarane, men den teorien er no underlagt stor tvil. Ein ser mellom anna at egyptiske kjelder frå same tidsperiode nemner ei lang rekke uår der avlingane svikta, noko som førte til mellom anna krigar og folkevandringar. Det mykenske fallet fell òg saman med brå nedgong i ei rekke sivilisasjonar i Midtausten/Sør-Europa-området. Mange historikarar meiner at desse uåra stammar frå klimaendringar etter store vulkanutbrot, og at dei var den direkte årsaka til den mykenske undergongen. Den teorien passar òg saman med at store grupper av grekarar flytta ut til øyene i Egearhavet og kysten i Vesleasia for å dyrke nytt land.

Dei mørke hundreåra[rediger]

Perioden mellom om lag 1200 f.vt. og 800 f.vt. i gresk historie kjenner vi lite til. Vi veit at dei store mykenske palassa vart øydelagde (eller berre forletne til forfall) og at skrivekunsten døydde ut. Utgravingar viser at potter og kar frå dei mørke hundreåra var enkle og praktiske, i motsetnad til dei mykenske pottefunna, som var kunstnarisk dekorerte. Dei same utgravingane viser at grekarane budde saman i langt mindre busetnader i denne perioden, samstundes som ein ikkje finn varer frå andre kulturar i busetnadane. Det tyder på at handelen og kontakta med ikringliggande sivilisasjonar no var nede i eit minimum. Andre sivilisasjonar som har nemnt mykenarane i sine skriftkjelder slutta òg å nemne dei.

Vi veit at dei fleste greske områda i dei mørke hundreåra vart styrte av kongar, som mange stader seinare vart utbytta av eit aristokratisk styre. Samstundes vart det tradisjonelle indoeuropeiske kavaleriet bytta ut med infanteri, og jarnet vart teke i bruk. Desse punkta er truleg ein del av grunnlaget for at grekarane utvikla ein særs egalitær kultur i det dei gjekk saman i skilde polisstatar:

Jarnet var lettare tilgjengeleg og billegare å nytte enn bronse hadde vore tidlegare, medan bruken av infanterisoldatar gjorde at det ikkje berre var heste-eigande aristokratar (stormenn) som tok del i hærføringa. I ein kultur som la stor vekt på menn si evne til krigføring ser ein for seg at det her førte til ei mykje jamnare deling av makta; og når dei mørke hundreåra tek slutt rundt 800 f.vt. ser ein utviklinga demokratiet.

Det gamle Hellas[rediger]

Tradisjonelt sett seier vi at den historiske epoka som vert kalla «det gamle Hellas» byrjar med dei første olympiske leikane i 776 f.vt. og varer fram til Aleksander den store døyr i 323 f.vt.

Polisstatar[rediger]

Frå kring 800 f.vt. har vi igjen gode funn og kjelder frå ein gresk kultur som er i framgang og vekst. Den nye greske sivilisasjonen var ikkje sentralstyrt, som den gamle høgkulturen, men delt inn i mange små, sjølvstyrte samfunn som vaks opp kring det lokale forsvarsverket (borga), akropolis. Ordet akropolis tyder «byen på toppen», og kjem av at greske bønder i løpet av dei mørke hundreåra bygde små forsvarsverk på høgder i landskapen for å kunne rømme dit når framande hærar marsjerte over jorda deira.

Akropolis vart, etterkvart som den greske kulturen hevda seg igjen, ein viktig samlingsstad i polisstaten. Rett nedanfor akropolisen oppretta dei ofte små handelsstader eller marknader, agora, der varer vart bytta mellom bøndene og kanskje til og med med framandlandske handelsmenn. Byen vart med andre ord det militære og økonomiske maktsenteret i staten, trass i at det greske samfunnet framleis var eit agrart jordbrukssamfunn, og at makta hovudsakleg låg i henda på menn med store landeigedomar.

I heile det greske området reknar ein med at det fanst om lag 600 skilde polisstatar som ofte låg i konflikt med kvarandre om kvar grensene burde gå.

Maktfordelinga i dei tidlege polisstatane[rediger]

Opprinneleg var dei greske polisstatane monarki, men sidan det var skrint jordbruksland i dei fleste polisstatane sat det jordeigande aristokratiet på hovuddelen av makta. Dei fungerte òg som ein krigarstand, sidan dei var dei einaste med ressursar nok til å halde seg sjølve med våpen. Aristokratane i kvar polisstat kjempa ein indre maktkamp mellom kvarandre om mest mogeleg jord (og på det viset; makt), og drap gjerne monarken (eller nokon andre) etter som det passa deira eigen veg mot meir jord og makt; for det var aristokratiet som var «staten». Småbønder var sjølvsagt dei som vart mest skadelidande av den aristokratiske jord- og makthungeren.

Kva har jarn med maktfordelinga å gjere?
Ingen tyrannar kunne vinne makta i ein polisstat berre på stønad frå handelsstanden. Noko av det som spelte mest inn var at grekarane byrja utvinne jarn:

Jarn var lettare å få tak i og billegare å utvinne enn bronse. Faktisk hadde bronse vore so dyrt og vanskeleg å utvinne at det var med på å halde ved like aristokratiet si makt, sidan dei var dei einaste som hadde nok ressursar til å skaffe seg bronsevåpen. Med jarnet utvikla grekarane rundt 600 f.vt. hoplittane, nemleg bondesoldatar som gjekk til krig i tett formasjon, falanks. Dei bonde-dominerte hoplitt-hærane, saman med dei sterke jarnvåpena viste seg å vere den perfekte kombinasjon for å kunne slå alle små granne-sivilisasjonar - Og bøndene fekk langt meir makt over hæren enn tidlegare. Makta i den greske sivilisasjonen bygde i stor grad på militær makt.

Jarnalderen kom til Søraust-Europa allereie rundt 1500 f.vt. med hetittane, ei anna indoeuropeisk folkegruppe. Av di jarnet var so sterkt og lett å utvinne forsøkte hetittane å halde røyndomen bak framstilling av jarn hemmeleg, men i lengda var det sjølvsagt umogeleg.

Du kan lese meir om t.d. hetittane i Nynorsk Wikipedia (http://nn.wikipedia.org/).


Etterkvart hamna aristokratiet i konflikt med ei veksande form for handelsstand, som vart mektigare og mektigare di meir gresk handel og kultur blomstra (Myntar vart innført i gresk kultur rundt 680 f.vt.). Frå midt på 600-talet samla ofte handelsstanden og bøndene seg kring populistiske leiarar som vart kalla tyrannar; eineherskarar som skulle fordele jorda rettferdig mellom innbyggarane i staten. Ein tyrann skulle med andre ord få bruke den eineveldige makta si til å ta jorda frå aristokratiet og dele den ut mellom borgarane i staten. I staden førte sjølvsagt tyrannane ofte same politikk som dei fleste eineveldige herskarar har gjort i historia, etter at dei kom til makta. Mange tyrannar misbrukte makta dei vart gjevne gjennom folkeopprøyr.

Det er verd å merke seg at tyranni ikkje hadde den same negative klangen i det gamle Hellas, som orda tyrann og diktator har i dag. Ein tyrann var ein suksessrik opprørsleiar, og oftast hadde han stønad frå ein stor del av folket (i alle fall i byrjinga).

Ein ser utviklinga frå monarki til tyranni (kanskje tilbake til monarki igjen) i særs mange polisstatar. Etterkvart som tyrannane utnyttar makta si og vert kasta av nye tyrannar igjen og igjen, utviklar dei fleste av statane ei form for demokrati - folkestyre. Dei opprettar folkeforsamlingar som møtes til visse tider, og gjennom desse forsamlingane utviklar ein nye lover og vel herskarar. Det vert naturleg nok organisert på skilde måtar i skilde polisstatar, men dei fleste utviklar ei form for folkeforsamling og valgte herskarar.

Utviklinga av gresk kultur[rediger]

På 700-talet f.vt, «på veg ut av» dei mørke hundreåra, tok grekarane til seg ei lydskrift som stamma frå fonikarane (ganske likt vårt eige alfabet). Av den grunnen har vi skriftlege kjelder til gresk kultur etter dei mørke hundreåra, som er «lette» å tyde; og det er den greske kulturen frå det gamle Hellas mange reknar som det kulturelle grunnlaget for vestleg kultur. Frå det gamle Hellas kjenner vi dei tidlegaste filosofane, tradisjonen med dei olympiske leikane, politikken (av latin: styret av polisen), tankane om demokrati og mykje, mykje meir.

Det er særleg Aten som får den blanda æra av å vere fødestaden for vestleg kultur og tenking. Gjennom hellenismen (sjå lenger framme i boka) får det greske (atenske) tankesettet ei enorm utbreiing. Men i motsetnad til Aten fanst òg polisstatar der tanken om til dømes demokrati var ein heilt annan - og der ein hadde eit heilt motsett syn på personleg fridom. Eit døme på det er Sparta, som både i samtid og ettertid vert skildra som ein krigarstat.

Trass i at grekarane aldri vart samla til ein sentralstat kjende dei seg som eit folkeslag, i motsetnad til resten av verda. Dei skilde mellom grekarar og barbarar (av gresk: dei som bablar uforståeleg). Sannsynleg spelte dei fellesgreske kulturelle samlingspunkta, som til dømes Orakelet i Delfi og dei olympiske leikane sterkt inn i samkjensla mellom grekarane.


Religion[rediger]

Teater[rediger]

Idrett[rediger]

Arkitektur[rediger]

Vitskap og filosofi[rediger]

Mektige polisar[rediger]

Innan det sjette hundreåret f.vt. var Aten, Sparta, Korint og Tebes dei fire dominerande polisstatane. Alle fire hadde lagt under seg grannestatar og utvida maktområda sine kraftig i den greske verda, og Aten og Korint slo seg opp som dei to dominerande innan sjøfart og handel.

Vi kjem til å fokusere på Aten og Sparta, som utvikla seg til å verte dei to klårt mest dominerande polisstatane, og etter kvart kom til å leie an på kvar si side i ei blodig konflikt som splitta opp heile den greske sivilisasjonen. Dei to var bygde på særs skilde kulturgrunnlag.

Kvifor dreiv Aten handel og sjøfart?
Polisen Aten låg i eit område (Attica) som ikkje dugde særleg mykje til vanleg jordbruk. Det førte til at staten hovudsakleg produserte olivenolje og andre luksusvarer, som dei laut handle til seg grunnleggande jordbruksvarer med. Dei var, frå naturen si side, tvungne til å handle - og det var truleg ein del av bakgrunnen til at dei vart ein av dei dominerande polisstatane på havet.


Institusjonar i det spartanske samfunnet[rediger]

For folk i den vestlege verda, i eit samfunn som i stor grad er bygd opp om prinsipp om menneskerettar og fridom for enkeltmenneska, vil den spartanske samfunnsstrukturen sjå til dels grufull ut (i den rette tydinga av ordet). Staten var eit elitesamfunn av krigarar, og Sparta låg i eit område med store konflikter om landegrensene, noko som førte til at dei måtte ha eit konstant sterkt militærapparat. I tillegg til det var spartanarane sjølve eit herskarfolk innan sin eigen stat, og var avhengige av å undertrykke bøndene i regionen med makt. I Sparta hadde aristokratiet (dei som kalla seg sjølve spartanarane) klart å halde på makta over dei andre greske innbyggjarane i området, som dei kalla helotar. Det vart aldri gjennomført noko vellukka demokratisk opprør. Helotane dreiv jordbruket, for spartanarane skulle dedisere liva sine til krig; spartanarane var staten og jordbruk låg under deira nivå.


Sparta var eit dobbeltmonarki, men til grunn i den spartanske polisstaten stod folkeforsamlinga, trass i at den ikkje hadde mykje reell makt. Her kunne alle borgarar (mannlege spartanarar, ikkje t.d. kvinner, slavar eller helotar) over 30 år sitte. Forsamlinga «valde» representantar til rådet, ved at dei kandidatane som fekk høgaste tilrop og mest klapping frå salen vart velde. Rådet stod igjen til ei viss grad ansvarleg for å utarbeide lovar og liknande, og dei var ansvarlege for å velge dei fem eforane blant borgarar over 60 år. Eforane stod på toppen av maktpyramiden og hadde ansvar for å passe på at kongane styrte etter dei gamle lovane, og at ingen av dei to kongane var feige i strid. Om kongane ikkje fulgte opp ansvaret sitt på desse punkta vart dei fjerna frå makta, og bytta ut med nye kongar.


Frå dei var sju år gamle vart alle spartanske menn plasserte i militærleirar; her skulle dei utdannast til å verte sterke og gode krigarar for staten Sparta. Når dei vart 20 år gamle hadde dei rett til å gifte seg; men alle måltid, og det meste av fritida skulle foregå i leirane fram til menna var 30 år gamle. Når mannen vart 30 år fekk han ansvar for ei lita gruppe med helotar, og staten gav han eit stykke jord, som han var ansvarleg for. Om helotane has rømde eller ikkje produserte nok mat risikerte mannen å misse statusen sin som borgar. Og sidan det ikkje fanst nokon måtar å få borgarrett utan å vere fødd av ein borgar sank talet på spartanske borgarar gradvis. På det meste hadde 8 000 spartanarar borgarrettar.

Institusjonar i det atenske samfunnet[rediger]

Aten var stod på mange måtar i krass kulturell og politisk motestnad mot Sparta. Aten var ein av dei mange greske polisstatane som hadde gått gjennom sin periode med tyranni og gått vidare til demokrati. Det var i den perioden då atensk politikk vart dominert av strategen Perikles at Aten utvikla seg til å verte ei skikkeleg stormakt i den greske verda og danna det kulturelle grunnlaget mange i Vesten reknar som sitt grunnlag. Han var mellom anna ein sterk forkjempar for demokratiet; og det står meir om han etter avsnitta om persarkrigane.

Den grunnleggande maktinstansen i Aten var Folkeforsamlinga, som var eit allmøte; her kunne alle frie menn over 18 år komme med lovframlegg, debattere ope og røyste for eller i mot nye lovar. Folkeforsamlinga kom saman om lag 40 gongar i året. Med loddtrekking i Folkeforsamlinga vart Rådet på 500 menn over 30 år veld ut. Desse menna skulle førebu saker før folkeforsamlinga kom saman, og kunne sitte i eitt år av gongen. Årsaken til at det vart trekt lodd om kven som skulle sitte i rådet var at mektige borgarar ikkje skulle kunne tvinge til seg røyster og maktposisjonar. Atenarane såg på loddtrekking som den høgste demokratiske valforma, og velde difor òg ut medlemmane i domstolane på den måten.

Dei einaste som laut vinne sin posisjon gjennom røystegjeving i Folkeforsamlinga var dei ti militære leiarane, som vart kalla Strategane. Strategane fekk stor makt i den atenske polisstaten, men laut ha stønad frå eit fleirtal i Folkeforsamlinga bak seg for ikkje å misse plassane sine.

Aten vs. det moderne Vesten[rediger]

Når vi lærer om alt Vesten har fått av kulturell og vitskapsmessig kapital frå Aten, verkar det som om atensk kultur var mykje «mildare» enn den spartanske, etter standardane som gjeld i vår tid. Det kan godt vere sant, men mest sannsynleg ville ein person frå Noreg få eit kraftig kultursjokk om ho tok ferieturen til det gamle Aten.

Her var til dømes kvinner sin posisjon i praksis på fødebenken, eller på kjøkenet i større grad enn vi har sett i seinare vestleg historie. Framståande, gifte atenske menn skulle til ei kvar tid ha god tilgang til elskarar eller prostituerte; dei måtte vere unge gutar eller unge jenter, for at dei skulle fylle rommet for tidtrøyte i livet til den ordinære atenske borgar. Kvinnene sin posisjon i samfunnet var hovudsakleg å gje mannen ektefødde gutebarn og å passe på heimen, og mannen sjølv hadde ikkje særleg mange plikter ovanfor kvinna. Normen var å gifte vekk dottera når ho var mellom 12 og 15 år, for på den måten å sikre seg mot anklager om at jenta ikkje var jomfru - for det var straffbart for menn å leve i eit ekteskap om kona hadde vorte valdteken elle ikkje hadde vore tru. Kvinna skulle heller ikkje ta del i selskapslivet.

Røysteretten låg hos om lag 40 000 menn, i ein folkesetnad som telte om lag 300 000. Det vil med andre ord seie at polisstaten Aten langt i frå var noko demokrati i moderne vestleg forstand. Aten ville truleg vorte utsett for boikottar frå store delar av Europa med eit sånt system i dag. Dei som vart uteletne frå demokratiet var kvinnene, born og ungdom under 18, dei fastbuande utlendingane (hovudsakleg handelsmenn; metoikar), slavar og frigjevne slavar. Heile det atenske samfunnet (som resten av den greske sivilisasjonen) var bygd på slavedrift.

Slavane fanst rett nok i alle posisjonar i samfunnet; ein finn sprikande døme på mellom anna slavar som arbeidde som legar og politifolk, og slavar som sleit seg sunde i steinbrott eller fungerte som ufrie prostituerte. Med andre ord var det ingen yrkesgrupper som var spesielt tilpassa slavar, slik vi fann i meir moderne slaveøkonomiar som til dømes Sørstatane i USA. Like fullt var det vanlege synet på slavar at dei var slavar av natur, nett som atenarane var frie av natur og kunne ta sjølvstendige val om kva dei ønskte å gjere med liva sine - og sin eigen kropp.

Ein finn heller ikkje nokre døme på at atenarane tilpassa offentlege kontor til fysisk eller psykisk uføre menneske. I gresk kultur var alle former for uføre ein straff frå gudane, og vi finn døme på at atenarane viste stor forakt for uføre.


Segeste-tempelet i....

Gresk utvandring[rediger]

Allereie rundt 750 f.vt byrja ein storstilt gresk utvandringsepoke som kom til å vare i 250 år. Polisstatane hadde stor vekst i folkesetnad og makt, og det skrinne jordbrukslandet i Hellas hadde ikkje kapasitet til å halde so mange folk med mat.

Konflikt med persarriket[rediger]

Ein trirem - Gresk krigsskip


Les meir[rediger]

Hellenismen[rediger]

Aleksander den Store[rediger]

Hellenistisk kultur[rediger]

Utviklinga til hellenismen[rediger]

Den absolutt største utbreiinga til Romarriket, på 100-talet e.vt. Riket var delt inn i fem «hovuddeler»: Italia, Illyrium, Hispania, Asia og Gallia (Teikneseriefigurane Asterix og Obelix heldt til i Gallia).

Romarriket[rediger]

Romarriket er ei nemning på heile den om lag tusen år lange historia til det romerske imperiet. Historikarar delar ofte historia til Romarriket inn i tid etter kva styresett som var det rådande i riket; Den romerske republikken vaks fram rundt 500 f.vt., og varte fram til 49 f.vt., då Julius Cæsar sette nådestøyten i det republikanske styresettet og Romarriket går inn i keisartida.

I Romarriket var byen Roma hovudstaden og sentrum i mest tusen år. Frå å starte opp som ein liten bystat, grunna handelsverksemd og jordbruk på den italienske halvøya, utvikla Romarriket seg til å verte eit av dei største sentralstyrte rikene historia har vist oss. På det meste omfatta Romarriket halve Storbritannia, storparten av Europa, Vesleasia, store deler av Midtausten og heile Afrika nord for Sahara.

Framveksten av republikken[rediger]

Bakgrunn og føresetnad[rediger]

Den nordlegaste greske kolonien på den italienske halvøya låg om lag 15 mil sør for Roma. Ved utløpet av elva Tiber, som renn gjennom byen, budde latinarane, medan det godt sentralorganiserte folket etruskarane heldt til like nord for Roma. Innbyggjarane i bystaten var i hovudsak ei blanding av desse tre folkegruppene, og talde om lag 10 000 innbyggjarar då republikken vart grunnlagt.

Reint strategisk låg bystaten godt til; etruskarane hadde tilgang til store jarnførekomstar og hadde ein lang tradisjon og kultur for sentralorganisering. Latinarane handla store mengder salt med folkegrupper i fjella aust for Roma, og grekarane kjøpte jarn av etruskarane. Av di Roma låg midt mellom desse tre vart torget i byen, Forum, eit sentrum for stor handelsverksemd som romarane visste å tene godt på. Likevel var jordbruket den grunnleggande næringa i staten.

Roma låg lenge under etruskarkongane, men reiv seg laus frå desse rundt 500 f.vt. og avskaffa kongedømet. Ordet Rex (frå latin, konge) vart eit skjellsord nytta mot romarar som forsøkte å ta til seg større makt og rikdom på kostnaden av andre romarar. Dei oppretta Republikken Roma, der makta skulle gå ut av «folket» og ikkje av ein enkelt person som kalla seg konge.

Styresett[rediger]

Republikken Roma vaks ut av eit jordbrukssamfunn, og når republikken vart grunnlagt i den vesle byen Roma, rundt 500 f.vt vart heile det politiske systemet bygd opp rundt landbruk og jordeigedom. Det vart oppretta eit senat og ei folkeforsamling som skulle utgjere den grunnleggande makta i samfunnet.

Dei om lag 300 rikaste borgarane (patrisiarane (av pater, far) - dei som eigde mest land) hadde ein fast plass i Senatet. Senatet var den gongen den grunnleggande maktinstansen i republikken, og retten til eit sete i Senatet var arveleg, so allereie i den spede byrjinga var styresettet i Roma bygd opp aristokratisk. Dei romarane som ikkje høyrde til ei patrisiarslekt vart kalla plebeiarar (av plebs, mengd) og hadde rett til å møte opp i Plebeiarforsamlinga (Folkeforsamlinga).

Plebeiarane som møtte i forsamlinga kunne anten stemme ja eller nei til lovframlegg frå senatet. Vart ikkje eit framlegg godkjend i forsamlinga laut senatorane utarbeide eit nytt framlegg, eller forkaste det heilt. Vart framlegget godkjend var det å rekne som romersk lov. Plebeiarforsamlinga valde òg nokre representantar til å sitje på plebeiartribuner i senatet. Ein plebeiartribun hadde vetorett (veto, «eg forbyr») i arbeidet med lovframlegg o.l. i senatet, men den retten gjaldt berre byen Roma og ikkje i militære saker.

Den utøvande makta i republikken Roma var to konsular. Desse vart valde av og mellom senatorane. Desse to personane skulle styre republikken etter dei lovframlegga som vart lagde fram i senatet og godkjende av Plebeiarforsamlinga - dei var med andre ord pliktige å styre etter romersk lov, og lova kom i prinsippet frå det romerske folket. Roma var med andre ord eit av dei tidlege demokratia (av demos, folk - folkestyre) i historia.

Republikken Roma vs. moderne demokrati[rediger]

Den romerske forma for tidleg demokrati har inspirert vestlege nasjonar i årti, både når det gjeld å lage eitt «parlament» for aristokratar og eitt for «vanlege folk», men òg med namna; senat og folkeforsamling er to namn som går igjen på mange av utviklingsstega til demokratiet i Vesten. Ein kan òg sjå at demokratiske revolusjonar ofte førte til innføringa av republikk (av res publica, det som handlar om staten), og avskaffinga av monarkiet (kongedømet).

Men til samanlikning med moderne demokrati, var den romerske republikken langt i frå å vere eit faktisk demokrati. I realiteten låg makta hos aristokratane i senatet, sjølv om Plebeiarforsamlinga hadde rett til å vedta eller forkaste alle lovframlegg. Det var til dømes ikkje tillate å diskutere eller be om endring av lovframlegga i Plebeiarforsamlinga. Maktfordelinga mellom senatet og Plebeiarforsamlinga vart grobotnen til klientsystemet, (seinare i kapittelet) som førte til ein sterkare maktkonsentrasjon hos dei rikaste romarane.

Romersk kultur[rediger]

Skilnaden mellom gruppene[rediger]

Klientsystemet[rediger]

Stenderkampane[rediger]

Romersk erobrarkultur[rediger]

Bakgrunn og føresetnader[rediger]

Italia[rediger]

Kartago[rediger]

Om Kartago[rediger]

Frå jordbruksøkonomi til erobrarøkonomi[rediger]

Proletarbønder[rediger]

Soldatkeisarar[rediger]

Frå republikk til keisardøme[rediger]

Pax Romana[rediger]

Pax Romana er betegnelsen for en 200 års periode, som begynte med keiser Augustus (tidligere Oktavian). Denne perioden kjennetegnes ved fred, stabilitet og livlig handel. Keiser Augustus klarte å overbevise det romerske folk om at fattigdom og fred var bedre enn rikdom og uro. Dette klarte han ved å føre en god propaganda politikk.

Kristendomen i Romarriket[rediger]

Delinga av riket[rediger]

Vestromarriket går under[rediger]

Folkevandringar[rediger]

Austromarriket går vidare[rediger]