Plantefarging

Fra Wikibøker – frie læremidler

Plantefargingas historie[rediger]

Før mennesket byrja å farge med syntetiske farger på midten av 1800-talet, vart planter nytta for å farge tekstiler med. Allereie for 4000 år sidan hadde dei i Kina og Egypt farga tekstiler med både raud og blått. Vi har skriftlige overleveringer fra oldtidens leger Discorides, Galen m. fl. Karl den Store fikk utarbeidet et reglement for hagebruk som inneholdt lister over dei urter og tre som skulle dyrkes i dei keiserlege hager. Dette reglement fekk stor betydning for store deler av Nord-Europa. Mellom dei plantene som blir nevnt var vaid (Isatis tinctoria ), som i alle fall på 800-tallet vart brukt til å farge garn. Det kan ha vore irane som lærte nordmennene å farge garn med lavarter. ”Korkemose” eller ”Kvitkork” kan føres attende til det irske ordet «corcur» som igjen skriver seg fra det latinske ordet ”purpur”. Denne lavarten var i middelalderen ein eiga eksportartikkel. Det er lavsyrene som finns i dei fleste lavarter som danner fargestoff. Dei fleste av dei er brone. Opplysningstidas forfattare samla botanisk viten som ledd i ei topografisk skildring av hver sin landsdel. Samtidig starter håndverksmessig utdanna «bondefargere» å ta i mot arbeid fra landet, men har sine verksteder i byene. På denne tida kom og dei nye beisemidla alun (kaliumaluminiumsulfat), kopprvitriol og jernvitriol i bruk og gav moglegheiter for nye fargenyanser. Garn til finare arbeid kan godt ha blitt sendt til Flandern eller Nord-Tyskland der ullfargeindustrien var komme svært langt. Fra 1800 ble det mogleg å kjøpe importerte fargestoff som dei nye anilinfarger. Men, farging med planter var framleis for det meste einerådende.[1]

Teknikk[rediger]

Fargemetodene som har være nytta fra svært gammel tid og har antagelig vært nokså like over hele Skandinavia, Østersjølanda og Nord-Russland. Før innfarging må ulla setjast inn med bindemiddel, beis, eller la planten gjennomgå ein gjæringsprosess. Til beising kunne ein nytte andre plantearter som jamne (Lycopodium complanatum) eller bark av gråor (Alnus incano). EIn heldt seg helst til planter som med ein gong ga den farga ein ynskja. Med bindemidler og etterfarging av blått på gult eller raudt på blått, kunne ein kome fram til nye tonar av grønt og fiolett. Garnet kan enten beisast på forhånd eller samtidig med sjølve innfarginga som skjer ved at garnet blir lagt samen med plantene i varmt vann, 60 – 90 grader, alt etter kva slags planter som nyttast, For å få lik farge på garnet må alt farges i same omgang. For å få klare og reine toner, må ein være nøye med vask av garnet før farginga (for å fjerne feitt) og ein kan og skyle med lut og andre sterke løsninger etterpå.[1]

Garn og tekstil[rediger]

Du bør nytte ufarga ull. Den kan godt vere grå, men jo mørkare ulla er, jo vanskelegere er det å påverke farga. Det er og mogleg å farge uspunnen ull, men merk at ho da må vera fri for lanolin. Dette er fordi feittet hindrer farga i å feste seg.

Om ein har kjøpt garn som er nausta saman må ein nauste dette ut for at farga skal kome til. Da kan ein surre det opp i ei hespe. Før ein senker ullet i gryta, må garnkveilen bindast saman med to snører ellers kan ein få svært mykje arbeid med å floke opp garnet etter farging. Ein kan til dømes nytte bommullshyssing). Det er lurt at snøra ikkje sitt for stramt, for da kan det bli fargeforskjell der garnet er snøra fast.

Beising[rediger]

Kvifor beiser vi? Ull i naturleg tilstand har ein dårleg evne til å trekke til seg fargestoff. Derfor må vi beise garnet slik at det skal trekke til seg fargestoff, og for at det skal bli ei jevn og fin farge. Varme får det ytterste laget av ullfibra, skjellcellane til å åpne seg slik at beis og farge slepp inn i garnet. Når det sit metallion i garnet frå beising, så festar fargestoffa seg til dei.

For dei fleste plantefargestoff er det naudsynt å beise garnet før ein fargar det. Eit par unntak er skjegglav og steinlav, som er syrlege, og difor ikkje treng beis. Det fins fleire forskjellige måter å beise garn på, der dei mest alminnelege er:

  • Alun (mest vanleg)
  • Jernvitrol
  • kopparvitrol (veldig giftig, og kjent som blåstein og kopparsulfat)
  • Cremortartari
  • Kaliumdikromat
  • Vinstein
  • Tinnsalt
  • Jernsulfat.

Dei fleste av desse er å få kjøpt på norske apotek, men det kan vere billegere å importere sjøl.

En må ha rikelig med vatn slik at garnet blir gjennombeisa, men heller ikkje for mye. For mykje vatn hemmer virkninga, og for lite vatn kan skade garnet. Under arbeidet bør du koma i haug at beis er giftig, spesielt kopparvitrol. Plantene kan legges direkte oppi beisevannet, helst etter garnet er ferdig beisa, men hugs riktig vassmengde. Det mest vanlege er å beise og farge i to operasjoner. Mens beisnga er i gang kan du gjere klar fargebadet.

Oppskrift på beis[rediger]

Standard beis: 250 g garn, 60g alun, 15 liter vatten Beis til sterk raudfarge: 250 g garn, 30 g alun og 10 g cremortartari. Beis til balansert raudfarge: 250 g garn, 35 g alun og 5 g cremortartari. For mørkare farge: 3-5 g Kaliumdikromat, 100g garn. Kaliumdikromat har ein oransje farge og gjev garnet mørkare farge.

Legg vått garn i badet ved ca. 30°C, varm opp til 90-95°C, la det stå 1 time.

Merk: Ein kan eksperimentere med mengdene for å oppnå ulike farge. Ein bør ikkje ta meir enn 2-4 g cremortartari til 100 g garn. For mye cremortartari kan gje dårleg farge.

Vasking[rediger]

Garn som skal fargast må vere så reint som mogleg. Dette er for at farga skal setje seg. Derfor bør det ikkje innehalde feitt eller vera bleika. Noko garn kan og vera tilsett møllmiddel. Om du nyttar heimespunne garn, inneheld den lanolin. Lanolin har ei positiv effekt på bevaring av ull, men feittet fører til at farga ikkje fester seg så godt. For å få eit best mogleg fargeresultat må ein skyle ut dette. Vatnet du vaskar i bør ha ein temperatur på mellom 40°C og 50°C. Du må bruke eit vaskemiddel som er laga for ull.

Maskinspunne garn er av og til tilsett møllmiddel. Garnet må derfor vaskes før farging. Temperaturen på vaskevannet og de første par skylevatnet når ein skal fjerne feitt, bør ligg på omkring 45°C, og dei neste skylevatna må ha gradvis lågare temperatur.

For å unngå at laust spunne garn blir frynsete under vasking må ein handsame det forsiktig. Denne typa garn har òg lett for å tove seg. Håndspunne garn må handsamast kraftigere enn det lausspunne garnet for å få det reint og gjennomfarga.

Turking av planter[rediger]

Ein skulle kanskje tru at ferske planter er det beste til plantefarging, men dei fleste planter fungerer meget godt og når dei er turka. Slik kan du oppbevare dei til seinare farging. Dei fleste planter turkast best på ein mørk og turr, gjerne luftig stad. Eksempel på slike stader er turkerister over ovn eller i turkeskåp. Det er og mogleg å bygge eit soldrivi turkeskåp, noko som har vorte gjort mellom anna på Fosen Folkehøgskule. Etter turkinga må dei ikkje pakkes samman før dei er knuskturre.

Etter plukking kan plantane godt oppbevarast i papirposar og papp-øskjer. Plastposar vert for tette, i hvertfall over lengre tid. Då held fargen på garnet seg dessutan lenge. Som regel treng ein mindre turka planter enn ferske.

Innhausting[rediger]

Plantar har størst innhald av fargestoff før dei har blomstra. Mose og lav kan haustas gjennom heile sommarsesongen. Nytt gjerne fletta korger til å transportere plantene.

Farginga[rediger]

Utstyr til koking[rediger]

Kokekjele: Det beste kokekaret er ein ufortinna kopparkjele. Kjele med emalje eller rustfritt stål er det vanlegaste. For å farge mykje garn treng du naturleg nok ein ganske stor kjele. Til ein del plantefarging kan du og nytte kjel av aluminium men den kan påverka enkelte farger. Nytter ein jerngryter kan ein ikkje bruke andre kjemikalier enn alun og alun/cremortartari. Hugs at kjelen du nytter ikkje kan nyttast til matlaging i ettertid.

Blautleggingskar: Til å blautleggje garnet i kan du nytte til døme plastbytter eller vaskekummen heime.

Tresleiv eller rørepinne av tre: Tre er billig og leder ikkje varme. Best av alt kan du spikke trepinnen sjølv av tre du finn i skogen.

Planter: Kor mykje planter ein skal ha i varierer mykje. Den same planta kan ha varierande fargestyrke etter årstidene, klima, veksestad og meir. Ofte er det umogleg å kome fram til nøyaktig same farge fleire gonger.

Termometer: Som måler opp til 100°C. Om det er mogleg bør du ha eit som flyt. Du kan klare deg utan, men det er kjekt å ha. Om du kjem over ein termometerstyr kjele, kan ein spara seg for mykje venting. Ventetida kan likevel fyllast med til dømes handarbeid, lesing og tedrikking. Fargesuppa skal koke men aldri fosskoke. Dette er spesielt viktig når garnet er oppi, ellers vil det fort tove seg.

Etterbehandling[rediger]

Overfarging[rediger]

Overfarging kan påverke farga, dette blir som å måle over ei anna farge. Her er det berre å eksperimentere. For å få ein viss peikepinn på korleis farga vil bli, kan du sette deg inn i litt enkel fargeteori, slik som til dømes fargesirkelen.

Overfaringa skjer på føljande måte:Tørka plantar vert lagde i kjelen. Fyll så opp med ca 5 liter vatn for 100 gram planter.

  • Varm opp til 90°C (merk at nokre plantar skal fargast ved 60°C), rør av og til i omkring 1 time. Pass på med eit termometer så det ikkje koker.
  • Ein del planter som kan røsse er det lurt å sile ut før ein legg i garnet.
  • Ferdig vaska og beisa garn leggas i fargebadet, varm opp til 60 - 90°C (avhengig av planta, sjå i oppskriftane for nøyaktige temperaturer).
  • La stå i 1 time, rør av og til
  • Kjøl støtt garnet sakte, det må ikkje utsetjast for bråe temperaturforrandringar. Det beste er å la garnet liggja i fargebadet til dagen etter, då set fargen seg best.
  • Skyl garnet godt før detvert hengt til tørk.

Skyling[rediger]

Etter at garnet kjem frå fargekjelen bør det vaskast. Du bør vaske det i fleire bad. Temperaturen på det fyrste skylevatnet etter farginga bør være frå 35°C til 40°C, og det siste skylevatnet bør vere kaldt. I det siste skylevatnet kan du godt tilsette eddik. Dette blir gjort for å fjerne eventuelle lutrester, og for å binde farga betre. Vi nyttar 50 ml eddik 35% til 10 liter vann. Det er forskjellig praksis på om denne eddiken skyles ut att. Ein kan i så fall skyle garnet på nytt i to omgangar. Deretter let ein det turke før ein vasker bort eventuell laus farge. Garnet kan godt bli liggande kjøleg i vatten i eit par timer.

Fargefastheit[rediger]

Enkelte plantefarger falmer etter som tida går. Farge frå bær og krydder sitt ofte ikkje så godt, det same gjeld for lauk. Blåfarger som kype, enten hydrosulfitkype eller potteblått, er heilt lysekte dersom fargen er mellomblå eller mørkare. Raude farger frå krapp, maure og kochenille er svært faste. Gule farger varierer mykje i fargeinnhald og kor godt dei tåler lys. Dette ser ein godt på gamle tekstiler som bl.a. henger rundt på museene. Plantefarger er vaskeekte, og dei kan derfor vaskast med nøytralt vaskemiddel

Farging med stoff ein ikkje finn i Norsk natur[rediger]

Fargekart

Oppskrifter

Bark av or og hegg

Bjørk

Bjørkelauv

Bjørkelauv

Blåbær (kun bommul)

Bregne

Brissel/Brasiltre (caesalpina echinata)

Engkall

Engsoleie/Smørblomst (Ranunculus acris)

Engsyre/Matsyre (Rumex acetosa)

Indigo

Kochenille - Skjoldlus

Krapprot (Rubia tinctorum) (Bjørkelauv)

Krapprot og Skogjamne

Krekling

Krushøymole (Rumex crispus)

Lav

Orelauv

Perikum (Hypericum)

Pors (Myrica Gale)

Røsslyng

Skogjamne (diphasiastrum complanatum)

Steinlav, grå (Parmelia saxitilis)

Skogstorknebb/ Engstorknebb (Geranium sylvaticum/Geranium pratense)

Trollhegg (Frangula Alnus)

Grøngul

Grått/ Grønt

Oljeblått

Potteblå

Planteindex


Kjemisk farging/utanlandske planter

Tips

Referanser[rediger]

  1. a b http://no.wikipedia.org/wiki/Plantefarger