Wikilæreboken i samfunnsfag/Geografi for elever frem til 10.årstrinn

Fra Wikibøker – frie læremidler


Hovudområdet omfattar stad- og romdimensjonen i samfunnet. Hovudområdet gjev oversikt over lokalisering og utbreiing av naturlege og menneskeskapte forhold på jorda. Kartlegging og diskusjon av endringsprosessar står sentralt. Geografi handlar òg om å gjere greie for og forklare likskapar og skilnader mellom land og by, mellom nasjonar og mellom regionar.

Mål for opplæringen er at eleven etter 10.årstrinn skal kunne

  • 10.1 - lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart og kunne bruke målestokk og kartteikn
  • 10.2 - gjere greie for eigne rettar og konsekvensar når ein arbeider på Internett og publiserer sitt eige materiale
  • 10.3 - lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar
  • 10.4 - fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
  • 10.5 - beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet
  • 10.6 - forklare korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda
  • 10.7 - vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt
  • 10.8 - gjere greie for storleik, struktur og vekst i befolkningar og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyare tid, inkludert urbanisering
  • 10.9 - forklare og drøfte variasjonar i levekår i ulike delar av verda og samanlikne og vurdere dei store skilnadene mellom fattige og rike
  • 10.10 - drøfte premissar for ei berekraftig utvikling

Her forsøker vi å systematisere og samle det mangfold av ressurser man kan finne på internett for elever frem til 10.årstrinn: