Digitale forteljingar

Fra Wikibøker – frie læremidler
Hopp til navigering Hopp til søk

På denne sida kan du finne samla informasjon om digitale forteljingar. Alt frå kva det dreiar seg om, korleis ein skal produsere, og historien bak. Sida er oppretta av andreklasse media og kommunikasjon ved Sogndal Vidaregåande Skule 2008. Me håpar at sida kan vere til god nytte for deg, og me ynskjer deg lukke til med di eiga digitale forteljing.

Kva er digitale forteljingar?[rediger]

Digitale forteljingar finn ein mange av på nett, dei varer frå 2 til 4 minutt. Forteljingane er personlege og kan til dømes handle om opplevingar, erfaringar og personar som er knytte til forteljaren. Det er ein slags kortfilm. Den digitale forteljinga er samansett av skrift, lyd og stillbilde i eit samla utrykk. Musikk er også ein viktig del for å skape riktig stemning i forteljinga. Forteljingane kan handle om personlege erfaringar som reiser, konsertar og hendelesar i barndommen. Det kan også handle om relasjonar til kjæledyr, vener og familie. Materialet til forteljingane kan vere henta frå til dømes fotografi, teikningar, minnebøker, avisutklipp, heimevideo, gamle brev, kinobillettar osv. Ein digital forteljing kan vere interessesann for andre, fordi dei kan få eit innblikk i forteljarens liv.


Før var World Wide Web berre tekst, det grunna at oppkoblingane via telefonmodem sette grenser for bilete og grafiske element. No er det berre fantasien som set grenser for formidling på nett. Det er dette som er opphavet til Digitale forteljingar. Det var Dana Atchley som vert rekna som å var den som først fann opp den digitale forteljinga. Frå 1970-talet og utover hadde han ei karriere som omreisande historieforteljar. På 1980-talet byrja han for alvor med å utforske digitale verktøy til å kombinere bilete, Filmsnuttar og andre personlege gjenstandar. Han sette saman små forteljingar om sitt eige liv, noko som blei starte på den digitale forteljinga.

Korleis lage digitale forteljingar[rediger]

For å lage ein digital forteljing, må ein gå gjennom 7 punkt:

Skriv eit manus
For å lage ei digital forteljing, lyt ein ha eit manus. Manuset skal innehalde kva som skal bli sagt og kva som skjer i forteljinga. Forteljinga treng ikkje å vere grammatisk rett, dei fleste skriv nemleg i ei blanding av dialekt og nynorsk/bokmål.

Fil:Manusdigital.jpg

Planleggje prosjektet
For å få ein enklare og meir strukturert prosess, er det lurt å lage ein god plan. Planen bør innehalde mellom anna ein tidsplan, der det blir planlagt kor lang tid du skal bruke på dei forskjellige fasane. Med bestemte tidsrammer blir det enklare å fullføre prosjektet.


Organisere mapper
Organiser alle filene dine i ulike mapper. Du bør ha eigne mapper for tekst, bilete, lyd, musikk, og ferdig produkt. Dette er ofte eit oversett system, men er veldig viktigt for å få oversikt over kvar du har dei ulike filene, og for at filene skal peike attende til dei orginale filene i det ferdige produktet.


Spel inn stemmer/lyd
Tidlegare i prosjektet har du laga eit manus som du no skal lese inn på data ved hjelp av ein opptakar eller mikrofon. Det er veldig viktig å lesa det inn på ein slik måte at folk forstår innhaldet, og på ein slik måte at forteljinga du vil fortelja kjem fram. Du bør sette deg i eit hjørne for å ikkje få romklang. Ein bør heller ikkje snakke for fort når ein les manus, og det er viktig at lyden og bileta passar saman.

Fil:Lyd.jpg

Samle, lagre og redigere kjelder
Kjelder er ein viktig del av ei digital forteljing. Ei kjelde kan vere mykje ulikt: Eit bilete, eit brev, eit videoklipp osv. Det kan vere lurt å ha fleire kjelder, slik at ein skapar variasjon. I denne fasen gjeld det å samle alle kjeldene slik at ein kan korrekt gjengi kjeldebruken i ein avsluttande rulletekst.

Frå skisse til ferdig produkt
Først må kvar og ein lage eit biletmanus og fastsetje rekkjefølgja på bileta. Dette kan og kallast storyboard. Deretter lyt ein byrje å klippe saman lyd og bilete i eit videoredigeringsprogram, til dømes Adobe Premiere Elements, Windows Movie Maker eller iMovie. All material som kvar enkelt ønskjer å bruke i filmen sin må dermed digitaliserast. Eksempelvis bilete ein finn i gamle fotoalbum må skannast. Når alle bileta er ferdig behandla, kan bilete, forteljarstemme og eventuell musikk setjast saman i videoredigeringsprogrammet.

Premiere
No er produktet ditt endeleg ferdig, og du kan vise det fram. Lukke til!

Lisensfrie biletekatalogar[rediger]

http://www.flickrcc.bluemountains.net

http://www.creativecommons.org/

Dette er sider der du kan hente bileter som kan brukast i ei digital forteljing og liknande. Du kan søke etter akkurat dei bileta du vil, eller treng. Det einaste kriteriet er at du oppgir namnet på kven som har teke biletet, og ikkje brukar bileta i medium som skal publiserast og gjerast offentlege.

Nyttige produksjonsverktøy på nett[rediger]

Splashup er eit fotoredigeringsprogram, som photoshop, men dette kan ein finne på nett. Einaste kravet er at brukaren har ein weblesar med nettilgang, programmet er dermed heilt gratis.

Her kan du redigere bileta dine. Du kan også skrive inn tekst.

1. Gå inn på splashup.com

2. Registrer deg: Sign up.

3. Skriv inn epostadresse, namn, passord og du er registrert.

4. Trykk på: Jump Right in, og du er i gang.

5. Importer bileta frå fil: Trykk på: File, oppe til venstre, deretter Open image: trykk så Browse og finn utvalte bilete frå pcen din. Trykk tilslutt opne/open. Så er det berre å legge seg i selen! Kor raskt biletet ditt blir lasta opp kjem an på snøggleiken på internett-tilkoblinga di.

6. For å legge til tekst:

"Me vil legge til tekst på eit bilete av ein som sjonglerar med ein mikrofon, korleis kan me gjera det?", er eit vanleg spørsmål å stille. Det å legge til tekst, er ganske enkelt. Følg redigeringsforklaringa nedanfor.

a) Vel eit bilete.

b) Trykk på: "A", for å få fram eit stipla rektangel. Marker kvar du vil ha teksten med dette rektangelet.



Etiske retningslinjer[rediger]

Dersom ein skal lage ein digital forteljing fins det forskjellige reglar og retningslinjer ein bør følje.

Noko av det ein bør ta omsyn til er det som vert kalla åndsverksloven, eller copyrightloven. Den går ut på at dei som har laga eit verk eig åndsverksretten til det. I praksis vil det seie at om du tek eit bilete med digitalkameraet ditt eller skriv ein stil på skulen, eig du åndsverksretten til det. Om nokon har lyst å bruke det du har laga i eigen produksjon, må dei spørje deg, og du kan eventuelt ta betaling for at dei skal få bruke det.

Det same gjelder om du vil bruke det nokon andre har laga når du skal lage din eigen digitale forteljing. Om det er eit bilete, eit lydkutt eller ein song er det viktig at du har løyve til å bruke det.

Det finst sjølvsagt unntak, og det mest kjende er sitatretten. Ein har rett til å bruke sitat frå andre åndsverk, om ein siterer i samsvar med god skikk og i ein samanheng der sitatet er på sin plass. God skikk er mellom anna å markere tydeleg kva som er sitat, gjengi sitatet korrekt og henvise til kven som har skreve det, og opplyse om kvar det er offentleggjort. Når det gjelder bilete, fins det nettsider der det fins bilete ein kan bruke utan å spørje fotografen. Ein må då sjå etter ein av desse logoane:


"Some rights reserved" betyr at ein kan bruke bilete utan å spørje fotografen, men ein må likevel oppgi kven som har teke det og ein kan ikkje nytte det i komersielle samanhengar. Elles må ein alltid spørje dei som har åndsverksretten til bilete.

Det sikraste og gjerne beste er å bruke eigne bilete, illustrasjonar, teikningar osv. Einkelte verk er ikkje åndsverksbeskytta, og desse kan ein bruke slik ein vil. På desse nettstadene kan du finne enkelte bilete som ikkje er åndsverksbeskytta: http://www.flickr.com http://www.flickrcc.bluemountains.net http://www.creativecommons.org/http://www.lovdata.no/all/nl-19610512-002.html kan ein finne åndsverksloven i sin heilheit.

Vurdering av nokre digitale forteljingar[rediger]

Her har me gjort ei vurdering av fire digitale forteljingar, for å gje dykk eit inntrykk av kva det er. På digitalefortellinger.com kan du finne fleire dømer. Me har i hovudsak vurdert forteljingane etter kvalitet og samanheng mellom tekst, lyd og bilete. Det som gjer ei digital forteljing bra er ulik klyppelengde på bileta (ikkje for lange), god lyd, tydeleg og variert stemmebruk og gode illustrasjonar.

Essensen av kvikklunsj
Denne digitale forteljinga handlar om ei hytte på ein støl. Hytta er det som er essensen av kvikklunsj. Bestefaren til forteljaren bygde eit lite skur, og dette var ein del av oppveksten til han og mora. Seinare byggjer mora og faren ei ny hytte på staden der den gamle var. Dette inneber at hytta til bestefaren må rivast. Dei får god hjelp frå lokalfolket. Han seier til slutt at i den nye hytta lever arven etter bestefaren vidare.

Filmen inneheld gode, varierte bilete. Han brukar gamle og nye bilete, samt dokument og skisser av den nye hytta. Det er forskjellige lengder på klippinga, noko som gjer at ein får spenning i filmen. Det han fortel er informativt og bra, men han les det kanskje litt for fort. Ein annan god ting er at han samenliknar gamle dagar med korleis det er no. Lydkvaliteten er god, og musikken passar til temaet.

http://digitalefortellinger.com/film_noroff_vegard.php


Firkløveren.
Firkløveren er ei forteljing om ein gutegjeng som køyrer snowboard utanfor preparerte løyper. Han fortel at dei bur kvar for seg no, men ein gong skal "firkløveren" samlast att, som dei gongene dei var i østerrike, frankrike og voss. Så får me sjå ein del bilete med musikk i bakgrunnen.

Bileta i denne filmen er gode, ein ser at gjengen kan å stå på snowboard, og at dei har det kjekt. Tema er nok kor godt samhald dei har i gjengen, og kor kjekt det er å vere i fjella med brett. Teksten er god, men lesaren kunne godt ha vore meir entusiastisk i stemmebruken. Musikken passar ganske bra, men overgangane til bileta kunne godt vore hardare for å få dei til å passe betre til musikken. Filmen er på ein måte ein hyllest til Firkløveren.

http://digitalefortellinger.com/film_noroff_eirik.php


Gøy på landet.
Gøy på landet er ei digital forteljing fortalt av ei ung kvinne. Forteljinga startar med at ho presenterar heimstaden sin, eller der ho vaks opp. Presentasjonen av heimstaden er eit av verkemidla ho brukar i filmen for å få fram kvifor ho starta å røykje. Tema i filmen er røyk. Ho fortel om at ho ein gong hata røyk, men så starta ho å røykje etter kvart. I forteljinga fortel ho om kor enkelt det er å både slutte og å starte igjen.

Bileta i forteljinga illustrerar godt det kvinna fortel. Det utgjer til saman ei ganske god digital forteljing. Klippinga er gode og korte, og det er med på å byggje opp ei spenningskurve i filmen. Vi får vite meir og meir om kvinna, og når vi er kome til det punktet der ho startar å røyke, kan minne om eit slags klimaks etter hollywood-dramaturgien.

Kvaliteten på den digitale forteljinga er heilt ok. Somme bilete er litt uklare, medan lyden er god heile vegen gjennom forteljinga.

http://www.digitalefortellinger.com/film_noroff_monika.php


Drømmen om Disneyland
Drømmen om Disneyland er ei digital forteljing fortald av ei ung jente. I denne forteljinga skildrar ho ei reise, ei reise til Disneyland. På bileta i forteljinga blir kjenslene til menneska godt uttrykt. Vi oppfattar at det har vore ein kjekk tur. Ho beskriv nokre av figurane ho møter, og litt av det andre ho opplevde der.

Samanheng mellom lyd og bilete er diverre ikkje så god. Jenta er flink til å fortelje, men bileta er ikkje alltid så gode illustrasjonar. Nokre gongar treff bileta godt, men andre gonger blir ein berre sitjande å vente på å få sjå det ho beskriv eller fortel om, men somme gonger kjem det ikkje noko meir. Det vert skuffande. Det vert også brukt ganske like bilete om igjen. Men elles har jenta gjort ein god jobb og fått til ei grei forteljing.

Kvalitet i bilete og lyd er ok. Nokre av bileta illustrerar ikkje alltid like godt det jenta fortel, men uttrykkjer til tide mykje kjensler. Elles er kvaliteten i bileta god. Ho har ei god forteljarstemme og ein forstår alt ho fortel. Bra!

Klippa i filmen er ganske lange og gjer filmen litt keisam. Men om du har som mål å reise til Disneyland kan du jo kanskje bli freista.

http://www.digitalefortellinger.com/film_biks_siri.php

Våre eigne digitale forteljingar[rediger]

Dag Rune Sjøli - West Side Story
Denne digitale forteljinga handlar om ungdoms musikalen, West Side Story, som eg deltok i, i 2007. Me turnerte i heile Sogn og fjordane. Ei fantastisk reise og oppleving. http://youtube.com/watch?v=s-iZFZUQJvk


Henrik Hauståker - digital forteljing
Dette er ei forteljing som handlar om ein tur med familien til Spania sommaren 2006

http://www.youtube.com/watch?v=CnTKPNX81aA

Karine Blikra - Språkreise

Dette er ei forteljing om då eg og venninna mi reiste til England på språkreise.

http://youtube.com/watch?v=D9J78yqFobY

Hege Karlsen - Katten vår

Dette er ei forteljing som handlar om katten vår.

http://youtube.com/watch?v=ddvXT0eus-Y

Torbjørn Selseng - EgåPer

Forteljinga om då...vel... Per meig på meg.

http://youtube.com/watch?v=96Mf6dKp8ME

Kjelder[rediger]

http://www.flickrcc.bluemountains.net

http://www.microsoft.com/windowsxp/using/moviemaker/default.mspx

http://www.splashup.com/

http://www.digitalefortellinger.com/omdigitalefortellinger.php

Mediemøte