Naturfag for ungdomstrinnet/Manifest

Fra Wikibøker – frie læremidler

Utkast til manifest

Målform og språkføring:[rediger]

  • Læreverket skal vere på nynorsk, i ei god, moderne nynorsk språkdrakt.
  • Språkføringa skal rette seg etter dei språklege ideala om å å skrive direkte, unngå passive verbformer og å bruke minst mogleg substantivistiske setningar og uttrykk.
  • Læreverket skal rette seg etter éi norm der fleire sideformer og grammatiske bøyingar ikkje er tilletne. Denne norma er førebels uklår. Dei som vert med på prosjektet, må utarbeide ei slik norm saman.

Bidragsytarar som ikkje meistrar den nynorske målforma, er hjarteleg velkomne til å verte med på bokprosjektet. Deira bidrag vil bli omsette. Sjå rettleiing

Formelt:[rediger]

  • Læreverket skal oppfylle krava i lovverk og føresegner for opplæringa i den offentlege skulen, og skal vere i samsvar med gjeldande læreplan.


Fagleg innhald:[rediger]

  • Læreverket tar sikte på å gjere elevane nysgjerrige, ved å ikkje presentere naturvitskap som ei samling "oppleste og vedtekne sanningar" som det er forbode å tvile på. I staden skal den naturvitskapelege tenke- og arbeidsmåten, med empiri og kritisk rasjonalisme som sentrale rettesnorer, haldast fram som utgangspunktet og sjølve grunnlaget for å vurdere korleis menneske bør forhalde seg til vitskapelege resultat og tradisjonelle konsensus-oppfatningar i dominerande forskarkretsar.
  • Læreverket skal vere på naturvitskapeleg trygg grunn. Det skal halde seg borte frå å presentere kvasi-vitskapelege idear og førestelnader, og skal ikkje legge sin godhug til spekulative, udokumenterte eller uutforska hypoteser og teoriar som ikkje har fått fotfeste i etablerte vitskapelege kretsar. Men det har ikkje som føremål å verne om gamle/etablerte vitenskapelege paradigmer som Alfred Wegeners kontinentaldriftsteori, big bang-kosmologien, neo-darwinismen og teorien om at petroleum har vorte danna frå døde organismer. Der det finnest vitenskaplege argument som avvik frå dei etablerte, tradisjonelle lærebok-"sanningane" frå 1900-talet, skal desse gjevast høveleg rom.
  • I samsvar med sunn vitskapsfilosofisk grunnforståing skal ingen vitskapeleg teori skal presenterast som ei sanning, og inga hypotese skal kallast for prova (bevist).

Pedagogisk/didaktisk:[rediger]

  • Læreverket skal vere tilpassa 8-10. klassingar, altså elevar i aldersgruppa 13-15/16 år.
  • Læreverket skal streve etter å vere så lettfatteleg som mogleg og samtidig innhaldsrikt.
  • I all den grad det er mogleg, skal læreverket oppflylle målet om å gje tilpassa opplæring til både fagleg svake, fagleg gjennomsnittlege, og fagleg sterke elevar.